Tradisjonsbakst
Lefser og Serinakaker
![]() |
| Produkt frå skulekjøkenet Foto: Christina Flatøy Vorr |
På fjerde samling ved
høgskulen fekk vi lære om kornet sin historie og tradisjonar rundt takkebakst og
konservering av mjøl. På skulekjøkenet baka vi tre sortar lefser og eit
flatbrød. Dette var mat som vart bakt for å halde seg lenge og vart derfor
tørka. Flatbrødet vart ete til dagleg og ofte brukt både til tallerken og
tilbehør til middagen, medan lefsene vart dynka med vatn så dei vart mjuke før
servering.
Korn har lenge vore den
viktigaste næringskjelda til folk, og vert nytta til fleire måltid om dagen. Med
det vi veit i dag er det 20 000 år sidan dei første korna vart hausta, i Midtauste,
og ca 7000år f.kr. begynte kornsortane kveite og bygg å spreie seg til Europa. I
år 4200 f.kr vart det dyrka korn over heile Danmark, og ikkje lenge etter også i
Noreg. Korndyrkinga starta rundt Oslofjorden og spreidde seg ca ein km per år,
det tok derfor lang tid før ein starta å så korn i nordlegare delar av Noreg (Bjørnstad,
2005, s. 26-30).
I mellomalderen kom bekkekverna
og store møller til å male kornet, dette gjorde kvardagen enklare for folk
etter å ha malt kor for eit heilt halvår bakt kvinnfolka flatbrød. Flatbrødet var
tørt og tolde å verte lagra i lengre tider, dette gjor at ein ikkje trong å
lage nytt brød kva dag (Bjørnstad, 2005, s. 65-66).
I tillegg til flatbrødet
har nordmenn ein tradisjon for å bake lefser. Det var viktig å konservere
råstoffa slik at dei ikkje vart øydelagde av nedbrytande organismar. Kjelder frå
1500 talet fortel at flatbrødet kunne bløytast med kornaks dyppa i vatn, noko
som kan assosierast med det vi kjenner som lefser. Lefsene har utspring frå
flatbrødet og vert brukt både til søt og salt mat (Høberg, 2017) .
Til dette arbeidskravet
skulle vi lever to produkt der mjøl var hovudingrediensen. Det eine produktet
skulle vere stekt på takke og det andre skulle vere tradisjonelle julekaker.
Vale falt då på å bake lefser saman med mi mor, noko eg ikkje har vore med på
tidlegare, og å bake serinakaker saman med barna, noko eg gjer kvart år.
![]() |
| Mamma kjevler ut lefser Foto: Christina Flatøy Vorren |
Lefser
Mor mi starta å bake
lefser saman med ein nabo etter at eg og syskena mine var voksne og hadde
flyttet heiman i frå. Dei siste åra har ho baka åleine, det var derfor ekstra
kjekt å nå kunne gjere dette saman, noko vi kjem til å fortsette med i åra
framover.
Vi baka to sortar lefser tynn lefser (Sunnmørslefser) og ein sort vi berre kallar lefser. Sidan det er dei
sistnemnte eg likar best vil eg skrive om dei her på bloggen. Oppskrifta er av
ukjent opphav då den har vorte formidla munnleg via fleire personar.
![]() |
| Lefse til steiking Foto: Christina Flatøy Vorren |
![]() |
| Lefse til dynking Foto: Christina Flatøy Vorrem |
Lefser
250gr margarin
250gr sukker
4ss lys sirup
1ss hornsalt (toppa)
1l kefir
Kveitemjøl til passe deig (1,5kg – 2kg)
Rør margarin og sukker
kvitt, bland det tørre, tilsett sirup, bland inn kefir og mjøl vekselvis
Del opp deiga i 36 like
store emne som vert rulla som bollar men trykt litt flate
Kjevl ut emna med ei
rifla kjevle og steik på begge sider
Lefsene skal dynkast litt
før smørjing
Fyll
500gr margarin
250gr sukker
500gr melis
Ca 1dl vatn
![]() |
| Lefsedeig Foto: Christina Flatøy Vorren |
![]() |
| Emner til utkjevling Foto: Christina Flatøy Vorren |
Vi hadde satt av heile
dagen til lefsebaking og starta med å leite fram det vi trengte av utstyr:
takke, bakstpinne, bakeunderlag, rifla kjevle og mange tøystykke til dynking av
lefsene. Så sette vi i gang med bakinga. Det første vi gjorde var å lage deiga,
da rørte vi smør og sukker til det var kvit og luftig og tilsette sirup, der
etter rørte vi inn kefir og mjøl (med hornsalt i) vekselvis til deiga var fast
og god å arbeide med. For å få like store emner til lefsene vog vi deiga og
delte på 36 som var anntal lefser i oppskrifta, vi fann ut at kvart emne skulle
vere ca 80-85gr, der etter delte vi opp og vog kvart emne, trilla dei til
bollar og trykte dei litt flate. Så strødde vi godt med mjøl over emna før vi
kledde dei med plasfolie.
Då var det berre å sette
i gang å kjevle ut lefsene. Vi trykte emna godt inn med mjøl og strødde mjøl på
bakeunderlaget før vi starta å kjevle, så kjevla vi til lefsa var passe stor og
steikte den på takke, desse lefsene skulle steikast på begge sider og vi måtte
passe på temperaturen slik lefsene ikkje vart brende under steiking. Det var
mange lefser som skulle bakast, men med to personar som delte på å kjevle og
steike gjekk dette veldig greitt. Eg hadde i utgangspunktet trudd det skulle
vere vansklegare å bake lefser en det det var. Lefsene tolde overraskande mykje
når ein skulle løfte dei frå bakeplassen til steiketakka, og var enkle å snu
under steiking.
![]() |
| Pappa smører lefser Foto: Christina Flatøy Vorren |
Etter kvart som lefsene
var ferdig steikte la vi dei på våte tøystykke for at dei skulle verte mjuke
før smøring. Min mor kunne fortelje at mi oldemor brukte å tørke lefsene å ha
dei liggande på matbuda, då tok ho fram og dynka lefsene før ho smurde og serverte
dei. Sidan vi lærer om gamle tradisjonar og konserveringsmetode er det ei tørka
lefse vi skal levere i produktkassa 28 november, det vart derfor teke til side
ei lefse til tørking. I dag er det vanleg å gjere lefsene heilt ferdige å fryse
dei, då er det berre å ta dei opp av frysaren å tine dei så har ein
serveringsklare lefser. Arbeide med å smøre lefsene fekk min far.
Serinakaker
| Serinakaker Foto: Christina Flatøy Vorren |
Det andre produktet vi
skulle levere var ei tradisjonell julekake. Serinakaker
Serinakaker er ikkje ei
julekake eg sjølv har vokse opp med, men for nokon år sidan kom eldste jenta mi
med oppskrifta og spurde om vi kunne lage desse kakene som ho hadde smakt med
ei venninne. Sidan den gangen har vi baka desse kaken til jul. Eg valde desse
kakene sidan dei har vorte ein ny tradisjon i vår familie. Oppskrifta vi brukar
er ei som vi har fått med ei venninne men er ganske lik oppskrifta ein finn på
tine sine heimesider (https://www.tine.no/oppskrifter/kaker/vafler-og-smakaker/bestemors-serinakaker).

Ingredienser Serinakaker
Foto: Christina Flatøy Vorren
Serina kaker:
Foto: Christina Flatøy Vorren
Serina kaker:
150gr meierismør
250gr kveitemjøl
2ts bakepulver
2ts vaniljesukker
100gr sukker
1egg
| Michelle og Julian bakar Foto: Christina Flatøy Vorren |
Vi starta med
å smuldra saman smør, mjøl, bakepulver og vaniljesukker, dette gjekk veldig
greitt sidan eg hadde sett fram smør og egg på benken kvelden før så det var
mjukt og enkelt å smuldre. Når mjølet var blanda godt inn i smøret rørte vi inn
samanpiska egg og sukker. Ungane synast det er veldig kjekt å få måle opp og
blande saman ingrediensane når dei er med å bake, så eg fekk nesten ikkje gjer
noko av arbeidet sjølv. Sidan vi brukar mykje smør i desse kakene er deiga mjuk
og litt klissete så før vi trilla
den til pølser lot vi den stå i kjøleskapet ei halvtimestid, medan vi sette på
steikeomnen og gjorde klar steikebretta.
| Michelle deler opp serinakakene Foto: Christina Flatøy Vorren |
V i tok deiga ut av kjøleskapet
og trilla passe store pølser som vi skar opp i bitar og la på steikebrett. Vi
brukte ein gaffel til å trykke kakene litt flate, dette lagar også eit fint
mønster på kakene. Så pensla vi kakene med eggekvite og strødde over
perlesukker og hakka mandlar, før vi steikte dei på 200grader i 10-12min.
| stekte Serinakaker Foto: Christina Flatøy Vorren |
Resultatet av
serinakakene vart veldig bra, kakene vart fine og runde og smaka godt. Dei vert
oppbevart kjølig i ei luftig kakeboks for best haldbarheit.
Bjørnstad, Å. (2005). Korn – frå steinalder
til genalder. Oslo: Tun forlag
Oppskrift på Serinakaker henta frå: (https://www.tine.no/oppskrifter/kaker/vafler-og-smakaker/bestemors-serinakaker).







Kommentarer
Legg inn en kommentar