Familiedag på Haualeite

Flatbrødbaking på Haualeite
Foto: Aud Marit Ramberg


Arbeidskrav nummer to er retta mot planlegging og formidling av norsk matkultur og historie. Under forskningsdagane ved Høgskulen i Volda, arrangerar studentane ved «Mat, kultur og konservering» familiedag på Volda Bygdatun (Haualeitet). Under arrangementet skal studentane formidle delar av den norske matkulturen sin historie ved å la barn og vaksne ta del i arbeidet til kvar gruppe. Vår gruppe, eg, Jannicke og Aud Marit, skulle fortelje om flatbrødet sin historie i Noreg, og bake flatbrød saman med dei besøkande. Sidan eg vart sjuk fekk eg ikkje vere med på sjølve gjennomføringa av familiedagen på Haualeitet.


Flatbrød

Flatbrødet er eit tynt, tørt brød som vert kjevla ut og steikt på takke. Brødet held seg lenge dersom det vert oppbevart tørt. Det som truleg var starten på det vi i dag kjenner som flatbrød var eit meir graut liknande brød laga av heile korn, som ein smurde ut over ei steikehelle og steikte på bål (Bjørnestad, 2005 s.37). I vikingtida begynte kvinnene å  male korn og ein gjekk over til å lage eit brød dei kalla flatkake eller brødtallerken, brødet var omtrent 30cm i diameter og vart brukt som tallerken som ein la fisken eller kjøtet opp på (Høberg, 2019). Når kverna vart teken i bruk på 1200 -1300talet tok mennene over maling av korn og kvinnene fekk i oppgåve å ta vare på store mengder mjøl. Sidan mjølet lett trekk til seg fuktigheit som kan føre til muggvekst og aflatoksiner vart det å bake dette tørre flate brødet ein måte å bevare mjølet på. Ein var gjerne fleire kvinner i lag om bakinga og dei baka store stablar med flatbrød så dei hadde i lang tid, desse bakedagane hadde dei gjerne to gangar i året (Høberg, 2018), (Bjørnstad, 2006). Flatbrødet er ein viktig del av den norske matkulturen og er framleis å finne på dagens middagsbord, gjerne til supper, lapskaus, fersk fisk, eller som tilbehør til spekemat (Høberg, 2018).


Forbereding

Kjevling av flatbrød, ved Høgskulen i Volda
Foto: Christina Flatøy Vorren

Sidan ingen av oss hadde bakt flatbrød tidlegare ville vi prøve dette på samlinga vi hadde på skulen før familiedagen på Haualeite. På  den måten fekk vi saman prøve kor det var å kjevle ut og steike flatbrøda, ein trengde overraskande mykje mjøl ved utkjevling og ein måtte snu flatbrødet ofte for at det ikkje skulle feste seg i bakeunderlaget.
Vi kom fram til at leivar på ca. 30 gram, ville lage passe store flatbrød ca. 20 cm i diameter. Det var også greit å få sjå kva utstyr vi ville trenge og kor vi kunne finne dette på kjøkenet, då ville det vere enklere å planlegge og leitefram når dagen kom.






Steiking av flatbrød, ved Høgskulen i Volda
Foto: Christina Flatøy


Resten av planlegginga til familiedagen gjorde vi over nett. Vi laga eit felles dokument som vi alle kunne skrive i og hadde heile tida ein dialog oss i mellom om kva som måtte gjerast og kven som skulle gjere dei forskjellege tinga.
Vi leita i bøker, og på nett etter litteratur og bilete, som viste flatbrødet og kornet sin historie i Noreg, dette vart skrevet inn i dokumentet og vidare bearbeida til plansjar som vi skulle henge opp på familiedagen, slik at barn og vaksne kunne lese om flatbrødet medan dei venta på å få bake sit eige. Dei besøkande fekk også moglegheit til å få med seg ein lapp med flatbrødoppskrifta på heim.



Oppskrift 

Oppskriftene som vart delt ut under familiedagen på Haualeite
Foto: Aud Marit Ramberg
«Flatbrød med bygg»
  • 600g sam. Kveite grov
  • 200g rugmjøl
  • 1ts salt
  • Ca 7dl kaldt vatn

Bland alt det tørre. Set til vatn, arbeid godt saman. Lag emne på størrelse med eit rundstykke, trill ut og trykk flatt. Bak ut til tynt flatbrød. Steikast på takke. Hurtig steiking for å få sprøtt flatbrød.

Oppskrifta vi brukte henta vi frå boka «Go bitar frå besta si kokebok-tradisjonsmat frå Sunnmøre» (Lyster & Hatløy). Vi bestemte oss for å gonge oppskrifta med 7 for å ha nok deig til familiedagen. Handleliste vart skrive og Jannicke handla inn det vi trengte og laga deiga klar dagen før den skulle brukast.




Haualeite

Gutane til Jannicke fyre opp i grua
Foto: Aud Marit Ramberg
Flatbrødbakinga på Haualeite skulle foregå i Vassbakkestova, ei husmannsstove opprinneleg frå Halkjelsvik, satt opp i 1873 av Jon og Ingeborg Vassbakke (Volda Bygdetun).
Jannicke og Aud Marit møtte opp på kjøkkenet på Kaarstad for å hente det utstyre som vi hadde funne ut ein trengde for flatbrødbakinga, der etter for dei til Haualeite der dei fyrte i grua, pynta med lyslykter, hengde opp plakatane vi hadde laga med flatbrødet sin historie, og fekk sett utover utstyret og starta bakinga av flatbrød. Etter det eg har fått fortalt var det ein veldig kjekke dag på Haualeitet. Det var ein jamn straum med folk som ville lære meir om flatbrødbaking og Aud Marit hjelpte barna med kjevling av flatbrød, medan Jannicke stod for steikinga. Folk som var innom var intresserte i å høyre om flatbrødbaking i gamledager og nokon ville fortelje det dei sjølve hugsa frå bakedagane då dei var små, alt i alt høyrtes det ut som ein lærerik dag for alle involverte.





Kjevling av flatbrød på Haualeite
Foto: Aud Marit Ramberg




Det er vanskeleg å vurdere eit arrangement ein har vore med på å planlegge men ikkje fått gjennomføre. Etter det Jannicke og Aud Marit har fortalt var dagen hektisk men veldig kjekk. Det hadde vore enklare med tre personar, spesielt på grunn av grua som var utan tilsyn heile dagen. Vi hadde også berekna for mykje deig, noko som er svært vanskeleg når ein ikkje veit kor mange besøkande som kjem, og kor mykje ein har tid til å bake, dette er ei erfaring å ta med seg vidare.






Kjelder:



Bjørnestad, Å. (2005). Korn - frå steinalder til genalder. Oslo: Tun forlag

Høberg, E., N. (2018, 12. april). Flatbrød. Henta frå https://snl.no/flatbr%C3%B8d 
Sideskift  

Høberg, E., N. (2019, 27. juni). Norsk mat og matkultur. Henta frå https://snl.no/norsk_mat_og_matkultur

Lyster, I. & Hatløy,O. God bitar frå besta si kokebok- tradisjonsmat frå Sunnmøre: Sanseleg Forlag DA 





Foto: Christina Flatøy Vorren og Aud Marit Ramber
Alle bilete er brukt med tillatelse frå dei som det er teke bilete av






Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Slakting og konservering av kjøt

Sylting, safting og hermetisering