Innlegg

Viser innlegg fra november, 2019

Tradisjonsbakst

Bilde
Lefser og Serinakaker Produkt frå skulekjøkenet Foto: Christina Flatøy Vorr På fjerde samling ved høgskulen fekk vi lære om kornet sin historie og tradisjonar rundt takkebakst og konservering av mjøl. På skulekjøkenet baka vi tre sortar lefser og eit flatbrød. Dette var mat som vart bakt for å halde seg lenge og vart derfor tørka. Flatbrødet vart ete til dagleg og ofte brukt både til tallerken og tilbehør til middagen, medan lefsene vart dynka med vatn så dei vart mjuke før servering. Korn har lenge vore den viktigaste næringskjelda til folk, og vert nytta til fleire måltid om dagen. Med det vi veit i dag er det 20 000 år sidan dei første korna vart hausta, i Midtauste, og ca 7000år f.kr. begynte kornsortane kveite og bygg å spreie seg til Europa. I år 4200 f.kr vart det dyrka korn over heile Danmark, og ikkje lenge etter også i Noreg. Korndyrkinga starta rundt Oslofjorden og spreidde seg ca ein km per år, det tok derfor lang tid før ein starta å så korn i nor...

Slakting og konservering av kjøt

Bilde
Slakting i Barstadvika Foto: Christina Flatøy Vorren På tredje samling fekk vi vere med på slakting av tre lam hjå Nils og Eli, på Nilsgarden i Barstadvika. Sjølve slaktinga vart gjort på ein rask og human måte, ved bruk av skytemaske. Det skal ikkje gå mei enn 20 sekund frå avlivinga til ein tappar blodet av dyret. Dei som ville fekk vere med på å røre blodet slik det ikkje skulle koagulere. Lamma vart der etter flodd og til slutt fjerna vi innvollane, og hengde opp lamma. Sidan mikroorganismar ofte angrip overflata av kjøtet først vil sjølv ei svak tørking på overflata av kjøtet rett etter slakting ha stor betydning for haldbarheita til kjøtet (Riddervold & Berg, 2014). Partering, salting og pakking av kjøt Foto: Christina Flatøy Vorren Etter slaktinga tok vi turen bort til grendahuset i Barstadvika der vi fekk sjå Nils partere eit lam som høgskulen ha kjøpt inn. Nils viste oss det dei kallar bondepartering der ein skjer ut to lår, to bogar, to ribbesider, t...