Innlegg

Viser innlegg fra september, 2019

Familiedag på Haualeite

Bilde
Flatbrødbaking på Haualeite Foto: Aud Marit Ramberg Arbeidskrav nummer to er retta mot planlegging og formidling av norsk matkultur og historie. Under forskningsdagane ved Høgskulen i Volda, arrangerar studentane ved «Mat, kultur og konservering» familiedag på Volda Bygdatun (Haualeitet). Under arrangementet skal studentane formidle delar av den norske matkulturen sin historie ved å la barn og vaksne ta del i arbeidet til kvar gruppe. Vår gruppe, eg, Jannicke og Aud Marit, skulle fortelje om flatbrødet sin historie i Noreg, og bake flatbrød saman med dei besøkande. Sidan eg vart sjuk fekk eg ikkje vere med på sjølve gjennomføringa av familiedagen på Haualeitet. Flatbrød Flatbrødet er eit tynt, tørt brød som vert kjevla ut og steikt på takke. Brødet held seg lenge dersom det vert oppbevart tørt. Det som truleg var starten på det vi i dag kjenner som flatbrød var eit meir graut liknande brød laga av heile korn, som ein smurde ut over ei steikehelle og steikte på bål (Bjørn...

Sylting, safting og hermetisering

Bilde
Ripsbærsaft og hermetiserte plommer og pærer Foto: Christina Flatøy Vorren På første samling i emnet mat, kultur og konservering var det konservering av frukt, bær og grønsaker som var tema. På samlinga fekk vi prøve å koke syltetøy og saft, tørke frukt, og hermetisere forskjellige typar frukt og grønsaker. Arbeidskrav knytt til samlinga vart å konservere to forskjellige produkt heime og skrive eit blogginnlegg der vi forklarar framgangsmåten for konserveringa, samt litt om historia bak konservering av frukt, bær og grønsaker.  K onservering Frå gammalt av vart konservering brukt for å bevare frukt, grønsaker og bær utan for sesongen. Ein hadde ikkje kjøle- og fryse moglegheiter slik vi har i dag, og var difor avhengig av å kunne sylte, safte og hermetisere frukt og bær. Konservering er ein prosess brukt for å stoppe dei nedbrytande elementa, enzyma og mikroorganismar, som finst i alle levande organisme. Når frukt og bær vert plukka vil desse enzyma og ...